Denne kvelden kan du bli kjent med klubbane i fylket på vårt fylkesårsmøte, som er vårt høgaste organ. Vi treng dokkar innspel for å styrke fritidsklubbfeltet i fylket.
Tid: onsdag 6. mars kl. 17.00-20.00
Sted: Fritidsklubben Smuget/Herøy kulturhus
Adresse: Lisjebøvegen 10A, 6091 Fosnavåg
Vi ønsker at flest mogleg deltek fysisk, men legger også til rette for digital deltaking.
Påmelding finn du lengre ned på sida.
Kva skjer på møtet?
Vi inviterar til ein kjekk kveld med gratis mat, faglig innhold og eit effektivt årsmøte med valg av nytt fylkesstyre og valgkomité
Foreløpig tidsplan:
Kl. 16.30 – dørene opnar
Kl. 17.00-17.30 Pizza
Kl. 17.30-18.30 Kurs for ungdom og voksne
Kl. 18.30 – 20.00 Årsmøte og valg av nytt styre
Fylkesårsmøtet skal i år behandle:
- Fylkesstyrets beretning
- Rekneskap frå foregåande år
- Budsjett
- Valg av fylkesstyre og valgkomité
- Valg av delegatar til landsstyremøte 2024
- Saker fylkesstyret fremmer
- Innkomne saker fra medlemsklubbene
Sakspapir finn du HER
Påmelding
Kven er møtet for?
Dette årsmøtet er for både vaksne, frivillige og ungdom frå alle medlemsklubbar i fylket.
Årsmøtet er eit godt høve til å møte andre klubbar, både for dei vaksne og ungdommane, der ein kan bygge nettverk, ha erfaringsutveksling og bli kjent.
Kvar klubb kan stille med så mange ein vil, men dei vil kun få to stemmer under voteringssaker på årsmøtet.
Vi ønsker at flest mogleg melder seg på før årsmøtet slik at vi kan få bestilt rett mengde mat.
Vil du bli tillitsvalgt?
Du kan nominere deg sjølv eller andre til tillitsverv. Fylkesstyret velgast for to år av gangen. Leiar for fylkesstyret kan maks sitte i tre periodar, totalt seks år.
Her finn du meir informasjon om å vere tillitsvalgt https://www.ungdomogfritid.no/artikler/tillitsvalgt-i-fylket/
Fylkesledda leiast av et fylkesstyre valgt av fylkesårsmøtet, som skal ha ei samansetning av minimum:
Leiar
Minimum 2 styremedlem, maks 4 (ungdom)
Minimum 2 styremedlem, maks 4 (vaksen)
Varamedlem (ungdom, vaksen)
- Ein kan nominere ansatt i klubben, ungdom eller begge.
- Det er ingen krav til erfaring for å vere med i styret eller valgkomité.
- Vi ynskjer engasjerte personar som ynskjer å bidra.
- Tillitsvalgte må forvente at ein må reise for å møtast til nokre fysiske møter.
Kunne du tenke deg eit av desse verva kan du legge inn ein nominasjon i skjema over.
Vi håpar vi ser mange av dokke på årets fylkesårsmøte!